søndag 24. april 2016

Mikroeventyr: med 500 m radius i luftlinje frå hytta

Ein sjeldan sjanse til å spasere ut til Måseholmen ved Djupevika
ved Hestadfjorden.

I dag har vi vore på Mikroeventyr
radiusen har vore om lag 500 m i luftlinje frå hytta vår.

Men vi har oppdaga plassar vi aldri (eller sjeldan) har vore før: 
Vi har gått ut på ein holme på grunn av låg vasstand. 
Vi har oppsøkt nordsida av Eikelandsfossen,
og vi har funne flotte naturperler langs Hestadfjorden. 

Ein majestetisk foss langs Gaularvassdraget - her på nordsia av Eikelandsfossen. Frå sørsida er det tilrettelagt sti og platning slik at du kan gå heilt inntil fossen. Der ligg det også gøymt ein geocache :)

Gjett om vi gler oss til padleturar, grilling og teltturar i vår og sommar, 
men enno er det visst lite som minner om at varmen er på veg.....

Var det nokon som sa vår i april???




"Sjå mamma - ein hjartestein!" - i dag fann vi 3 - ein på kvar plass!
Bendik fann sin favorittplass - og godt nøgd med valet!

5 kommentarer:

  1. Så flotte bilder fra en kort - men innholdsrik tur.
    Morsomt å oppdage nye plasser.

    SvarSlett
  2. Fantastisk! Min far var fra Sygna og vi var i dette området endel da vi var små! Her er så vakkertt og fine minner kommer til meg! Dere er så flinke med nye turer! Jeg er imponert av deg, måten du beskriver turene dine på og bildene du illustrerer meg! En klem med ønske om en god kveld

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Sygna er ikkje langt i frå, nei - så då kjenner du nok til området. Sjølv eg eg er fødd og oppvaksen der, så var vi på nye områder for meg også :)

      Slett
  3. Flotte bilder denne gangen også! Artig å følge deg og familien på tur i vakker natur. Her har vi besøk av vinteren igjen, 10 cm nysnø i morges, men håper på grønne marker når denne snøen smelter. Var forresten på kjempefin skitur i går med tørrvoks under skia. I dag har jeg subba rundt i kramsnø nedi bygda.

    God mandagskveld!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Vinteren dukka opp hos oss også i helga - med kvit mark på laurdag morgon, og snø som lava ned då vi køyre heim att søndag kveld. Og det er frost om nettene - ventar på litt varmare vårtemperaturar...;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!