mandag 4. januar 2016

Solfylte juledagar på Skudalstølen


Sola snudde rett før jul, 
og vi går heldigvis lysare dagar i møte. 
Samstundes er dette ei tid då mange stader ligg i "skuggenes dal".
Vi har ikkje så mange dagar med heilt blå himmel på denne tida av året, 
så som regel tenkjer vi ikkje så mykje på det. 
Men det vert desto tydelegare dei få dagane himmelen er blå og sola skin på fjelltoppane,
og vi framleis er i skuggen...

Då gjeld det å oppsøkje stader der sola er!
Det gjorde vi denne juleferien, 
og dermed vart det eit par turar på Skudalstølen i Gaular. 
(Turskildring til Skudalstølen finn du her)
Her kunne vi nyte sola i både to og tre timar i løpet av turen.
Det var deilig det!







1 kommentar:

  1. Så kjekt! Dårlig med sol her vi bor, men desto hyggeligere når den er tilbake uti februar. Men så er det noe med å oppsøke sola slik dere gjør.
    Nå har det kommet litt mer snø, og kuldegradene siger på. Helt normalt på denne tida av året. Det blir å kle seg godt ute og fyre godt inne.

    Godt nytt år fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!