Øvresetstøylen er ein av stølane med den flottaste utsikta - her ser du både til Bergheimsvatnet og Breimsvatnet. Øvresetstøylen er også turens høgaste punkt med 724 moh. |
Kvar kan du gå gjennom 16 stølar,
i løpet av 15 km,
og med meir eller mindre kvilepuls?
Jo, det kan du frå Utvikfjellet i Gloppen og vestover!
Kvart år arrangerer Breimsbygda IL stølsvandring gjennom desse stølane,
og i år passa det endeleg for oss å vere med!
Vimpelen helsar oss velkomen til støls - men kva støl var no dette då? Med 16 stølar totalt, var det til slutt ikkje lett å henge med i alle namna for oss utanbygds frå.... Fjellet til venstre med den lisje spissen heiter Vora.
|
16 støylar og 15 kilometer høyres mykje ut,
men terrenget er lettgått.
Og det er alltids mogeleg å avbryte turen undervegs,
og ta turen ned att til bygda!
Vi var 16 spente turdeltakarar som møtte opp - klar for tur!
Turen startar frå parkeringsplassen på Utvikfjellet,
og ein følgjer vegen vestover.
Og deretter kjem støylane på rekkje og rad:
Feldestøylen, Holestøylen, Fløtrestøylen,
Øvresetstøylen og Flølostøylen.
Her, etter 3,5 km, sluttar skogsvegen.
Deretter er det Skinlostøylen, Skrøppastøylen og Sårheimsstøylen.
Ved Stårheimsstøylen hadde vi oss ein matpause, før vi gjekk vidare.
No kom vi delvis inn på ein ny skogsveg igjen,
og vi vandra vidare til Steinsåkerstøylen, Jordangerstøylen og Kvilestøylen.
Lågaste punkt på turen er Reestøylen på 543 moh.
Vidare kjem ein til Hetlestøylen og Kålsstøylen som ligg tett i tett.
Og til sist passerer ein Dalsstøylen før ein kjem til turens siste stopp - Hunskorstøylen.
Den finaste utsikta er nok frå Øvresetstøylen, Kålsstøylen og Hunskorstøylen.

Kartutsnitt som viser heile turen frå start på Utvikfjellet og til Hunskårstøylen |
I byrjinga av turen har du flott utsikt mot Eggenipa i Våtedalen |
Vi ser ned att mot Byrkjelo og Bergheimsvatnet i retning mot Våtedalen. Fjellet Vora til venstre i biletet. |
Vi vandrar lett på skogsvegen på veg mot Øvresetstøylen |
Turleiar Greta Sårheim Veien hadde god kunnskap om dei ulike støylane. Her fortel ho om Øvresetstøylen |
På veg ned mot Flølostøylen. Her sluttar den første skogsvegen. |
Vi ser attende mot Flølostøylen |
Ein av turleiarane hadde tilknyting til eit av stølshusa undervegs, og vi fekk kome inn og sjå. |
Gjesteboka måtte sjølvsagt signerast! |
Matpause ved Sårheimstølen. Det flate fjellet til venstre er Skjorta, og til høgre ligg Botnafjellet. |
På veg ned mot Kvilestøylen |
Idylliske Kvilastøylen - her må det bokstaveleg talt vere råd å finne kvile! |
På Kvilestøylen står det einaste selet i Gloppen utan innekledd utsel |
Det var turbok på fleire av støylane - sjølvsagt måtte vi signere i dei! |
Her skulle det vere råd å få til peiskos! |
På veg mot Hetlestøylen |
Utsikta til fantastiske Skjorta følgde oss store delar av turen. Her sett frå Hetlestøylen |
Ved vegs ende på siste støyl - Hunskårsstøylen. Klokka har passert 22 og det lir mot natt. Utsikt mot Breimsvatnet. |
Takk til Greta og Sabine for flott tur -
og kjekt å helse på alle dykk andre som var med!
Ikkje minst - takk for skyssen opp att til bilen på Utvikfjellet!
Ynskjer du å vere med på denne turen neste år,
så følg med på Breimsbygda IL sine sider om lag på denne tida (mai/juni).
Eller du kan sjekke facebooksida deira.

Så artig! Kjekt med fellestur en gang iblant. Fin utsikt hele veien antar jeg... Det er det magiske med Vestlandet.
SvarSlettGod pinse fra Ingunn
Ja, litt artig å ha gått ein slik tur - vil tru at det ikkje er så mange plassar ein så pass lett kan gå 16 stølar. Eldstemann i turfølgjet var ei dame på 78 år!
SlettSå flott! Kor får du informasjon om slike turar?
SvarSlettVi fekk kjennskap til turen for nokre år sidan gjennom boka "Dagens tur" av Jan Nik. Hansen. Vi fann informasjon på nettsidene til Breimsbygda IL - http://idrett.speaker.no/organisation.asp?id=25789 Men ikkje så lett å finne, så vi tipsa dei om at dei bør annonsere turen betre neste år - også utanfor Gloppen.
SlettDet er så kjekt med støler og koselige plasser, enda bedre når man får dei på rekke og rad som dette! :-D
SvarSlettHei! Så utrolig flott det så ut, ja, det må ha vært en flott opplevelse! Ønsker deg en flott og turrik sommer! Klem Cathrine :-)
SvarSlettHei. Flott bogginnlegg om turen vår :) Er det greit for dåkke at eg linker til bloggen på nettsida til trimgruppa vår? Mange burde lese og sjå dette.
SvarSletthttp://idrett.speaker.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1390808
Takk for det :) Du må gjerne linke til bloggen - dette er ein tur fleire bør få med seg!
SlettHer er planen vår for i år: http://www.breimsbygda.no/trim/aktuelt-i-2015/
SlettTurane går litt seinare i år - det er enda mykje snø i fjellet.