onsdag 16. april 2014

Oppdag elvestien i Førde - 15 km med idyll!

I Førde er vi veldig oppteken av Bystien vår,
- eller Hafstadkleiva som er det eigentleg rette namnet. 
Og Hafstadkleiva er som Stolzekleiva i Bergen: 
bratt og krevjande. 
Dermed er det ganske mange som ikkje
 har høve til å gå denne stien. 

Men treng vi alltid gå oppover?
Kva med å gå bortover?

Førde har 2 vakre elvar som renn gjennom bygdebyen: 
Anga og Jølstra. 
For å gjere byen vakrare, har det vore stort fokus på å byggje
og gjere det vakkert rundt desse elvane. 
Dette har vi fått til i sentrum,
 og det har blitt laga flotte elvestiar der. 

Men vi saknar ein flott rundttur langs elv (eller vatn) i Førde, 
ein tur slik som Mosvatnet i Stavanger. 
Då hadde vi verkeleg fått fram elveidyllen i Førde!

Tidlegare har vi skrive om korte strandhogg langs Anga og Jølstra
Denne dagen ville vi utforske om det var mogeleg med 
ein lengre rundtur langs Jølstra; opp den eine sida og ned att den andre. 
Kartet vart studert, og vi fann vegen vi ville gå.

Den største utfordringa var korleis vi skulle kome oss over Jølstra no når Hengjebrua er stengt,
men vi fann ei løysing på dette også - sjølv om turen vart dobbelt så lang.
I godvêrsbolken i slutten av mars tok vi turen.

Resultatet vart 15 km vandring langs ukjende elveidyllar,
men også innom stinettet opp mot eitt av byfjella for å komme i hamn.
Mange flotte naturopplevingar fekk vi på kjøpet! 

Vi tek deg no med på denne turen elvelangs i Førde by: 

PS! SKUND DEG Å TA TUREN FØR GRASET VERT FOR HØGT - OG GYLLINGA STARTAR! 
Turen starta ved nyebrua på Vie.  Oppover langs Jølstra på nordsida av elva. 


Turruta i korte drag var slik:
Start på nordsida av Jølstra ved nyebrua på Vie - oppover langs elva i utkanten av bøar og forbi sandtaket på Løland - vidare langs elva og opp til Brulandsfossen - derifrå gjennom stien i skogen til parkeringsplass på Soleide - så inn på starten av merka rute opp til Viefjellet til vi kom til eit stidele med skilt til Farsund - følgde så stien over til Farsundfeltet - gjekk langs E39 over Sunde bru før vi straks trakk ned til elva igjen på Jølstra si sørside - følgde så elva nedetter forbi Hengjebrua og ned på sørsida av Brulandsfossen - her måtte vi grunna stengsler langs elva gå vegen opp att mot E39 og følgje den ned til matbutikken på Bruland - så tok vi av frå hovudvegen og gjekk forbi futegarden og ned mot elva igjen - deretter kunne vi følgje elva heile vegen nedover til Førde Camping - og då var vi tilbake til bilen som var parkert ved Biltema. (om ein vil gå siste biten like ned til Tangen i sentrum og like i flomålet, kan ein jo gjere det og!).

Sidan elva er populær til laksefiske, har det meir eller mindre laga seg ein slags sti langs heile elva. Det er mange opne fiskehytter undervegs - minst 10 i talet! Fisking er for øvrig forbode utan løyve frå grunneigarane! Det er også viktig å tenkje på at no når det vårast, så veks graset på bøane, og vi må ta omsyn til grunneigarane og halde oss heilt i utkanten av bøane, ned mot elva.

Fredfullt å vandre langs elva - stille og roleg, men likvel nær byen og bilane!
Nyebrua til Vie i bakgrunnen. Haldbrendsnipa bak til venstre. Fureviknipa til høgre.


Oppover Jølstra på norsida ved Vie. Viefjellet i bakgrunnen. 

Ei av dei mange fiskehyttene - fine rasteplassar også for dei som ikkje fiskar!

Dei 5 Førdefjella omkransar oss også på turen - her har vi Førdsnipa i bakgrunnen. 

Nokre "tvibyks" må til for å kome seg over små sideelvar!




På vegen går vi også gjennom ein  framtidig juletreskog!


Endå eit Førdefjell i sikte - Halbrendsnipa i bakgrunnen

Kanskje ein av dei vakraste idyllane på vegen?
 Rett etter sandtaket på Løland og vi ser over til ei fiskehytte på sørsida av Jølstra. 

Stidele som gjev høve til vegval. Etter siste bustadhuset på Løland, valde vi vegen til høgre for å følgje elva tettast mogeleg opp til Brulandsfossen. Hadde vi tatt til venstre, hadde vi også komt til same stad, men då hadde vi gått meir gjennom skogen. 


Garden på Løland til høgre. Bustadhus like nedanfor butikken Bunnpris på Bruland til venstre i biletet, og som vi kom ned til frå E39 og kunne følgje langs elva vidare nedover heile vegen til Campingplassen på Kronborg


Ved Brulandsfossen (her på nordsida av elva) er det både fiskehytte, utebord og flotte berg som høver seg godt for ein pustepause og kanskje ein liten matbit?


Fiskehytta ved Brulandsfossen. Vi hadde pause på svaberga midt i biletet. 

Gjennom skogen opp mot Viefjellet, frå stistart på Soleide

Nok eit stidele: I dag skulle vi ikkje heilt opp på Viefjellet, men frå stien oppe i lia mot toppen tok vi i staden ruta mot Farsund og det nye byggjefeltet der. 


Kaldt og friskt fjellvatn - finnast det noko betre? (...ja, det gjer det!)


Hafstadfjellet er sjølvsagt også med på turen! Her frå Farsund
I skogen over Farsundfeltet - vi ser ned på og over på sørsida på
 Movatnet (Bjergavatnet) og E 39 ved Sunde.
Naustet i framgrunnen rasta vi etterkvart ved.
Motvatnet, Huldefossen og Holsafjell!


Langs E39 over Sunde bru. Turen over til sørsida av Jølstra er eit faktum om 130 meter!


Etter å ha vandra nokre hundre meter langs E39, er vi attende ved elva - no på sørsida 


Brua på Sunde


Vi er komne til naustet ved elva like nedanfor vegkrysset til Sundsdalen.
På nordsida av elva ser vi mot inste garden på Soleide.

Tid for ein kaffikopp - rett før sola går ned


Den stengde hengjebrua  på Soleide gav oss fleire km ekstra å gå.
 Bra var det!



Vi har gått forbi Hengjebrua over til Soleide (som er stengt), og nærmar oss Brulandsfossen igjen. 
Quiz: Eitt av dei eldste og største trea i Førde. Men kvar veks det? (hint: Førdefolk har passert det 1000 gonger!)


Vi passerer den gamle Futegarden på Bruland.
Her forlet vi E39 og går ned til elva att
Og så er vi ved elva att - på den idylliske staden vi såg over til frå sandtaket på Løland (sjå bilete lenger oppe)
Sein kveldssol over Løland


Vi nærmar oss Førde Camping



Sola har gått ned over store delar over Førde, og ein ytterlegare fred har seinka seg over Jølstra. Det lir mot kveld.
Er elvevandring ei slags pilgrimsvandring? Balsam for sjela er det i alle fall!

God vandring langs elvestien i Førde. Oppdag den du og!

Start ved Nyebrua over til Vie. Gå langs nordsida av elva Jølstra opp til Farsundfeltet (7 km),
 og ned att på sørsida av elva attende til Campingen på Kronborg (15 km samla sett) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!