fredag 18. april 2014

"Det er jo ingen som GÅR ned frå fjellet lenger..."


Tysdag starta med sol frå nesten skyfri himmel, og det freista sjølvsagt med tur. Denne gongen vart det (faktisk) Hafstadfjellet frå Bruland. Rekna med at det hadde vore ein del turgåarar der, slik at det var godt nedtrakka også når ein kom opp i snøen. Etter pøsregnet i palmehelga, var det deilig å kjenne sola. Rett nok skya det til fortare enn eg likte, men fekk no nyte den litt i alle fall!

Når du går åleine, med musikk på øyra, er det ulike refleksjonar som dett inn i hovudet. På denne turen til Hafstadfjellet, var det særleg 3 refleksjonar som utmerka seg - og dei skal du få høyre om no:

Refleksjon 1) Det er jo ingen som GÅR ned frå fjellet lenger!
På veg opp møtte eg totalt 4-5 personar som var på veg ned - og felles for dei alle var at dei (små)sprang nedover vegen. Det var ingen som gjekk nedover. Er vi der at vi no kan bytte ut uttrykket "å gå på fjellet" med "å springe på fjellet"? I alle fall trur eg dette gjeld for mange når det gjeld vegen ned att - ein fjelltur er ikkje berre ein fjelltur lenger, men det er like fullt også ein trimtur. 

For min del seier eg: Ja takk, begge deler - eg vil ha fjellturar, både for naturopplevinga si skuld, men også som ein måte å halde seg i form på. Men eg håpar at folk tar seg tid til å nyte - og ikkje berre yte når dei går på tur.....

 Refleksjon 2) Førstevalet for skotøy på fjelltur er tydelegvis IKKJE fjellsko...
Sidan eg var usikker på snømengdene og kor langt eg måtte gå på snø, tok eg fjellskoa. Men eg trur eg var den einaste.... No studerte eg ikkje skoa på ALLE eg møtte, men dei eg såg hadde joggesko. For å vere ærleg, så misunte eg dei litt - særleg då eg skulle jogge ned att.... (jfr. refleksjon 1) For det var ikkje meir snø, enn at du så og seie kunne gå tørrsko med joggesko. 

Elles så meiner eg at det som oftast er best med fjellsko på ordinære, og lengre, fjellturar - dei er meir stødige og ein held seg som regel ganske tørr (så ein slepp å tenkje så mykje på kor ein set foten!). Men på grusvegar slik som opp til Hafstadfjellet, er lettare skotøy heilt klart å foretrekke. 

Litt snø på toppen av Hafstadfjellet, men ikkje meir enn at joggesko var OK.


Refleksjon 3) Er det berre DAMER som går på Hafstadfjellet?
På turen min til Hafstadfjellet, møtte eg om lag 20 personar i talet. Dei fleste gjekk faktisk åleine, og samtlege var DAMER! Kor er mannfolka henne? Går ikkje dei på fjelltur? Er Hafstadfjellet eit for lite ambisiøst fjellmål for menn? Eller er det berre Hafstadkleiva som er "tøft nok"? (Til dette må eg leggje til at på min forrige tur i Hafstadkleiva, så møtte eg nesten berre menn.....). Eg berre spør og undrast...

Og rett skal vere rett: Då eg kom ned på parkeringsplassen, så var det faktisk ein mann som gjorde seg klar til fjelltur med dotter si. Men 1 av 20??? Kanskje vi kan skryte av at vi har ekstra spreke damer i Førde? :)


Storehesten og Blegja er snødekte og flotte!

Utsikt innover Angedalen - graskledde bøar og snødekte fjelltoppar

Eg ser heim att til huset vårt - Førde sentrum og Førdefjorden

Tja, ikkje så lett å sjå kva som står på skiltet i dag......

Fiske forbode står det på eit skilt på toppen, men du skal kaste langt om du skal nå ned til vatnet herifrå.
Eller kanskje greitt å få beskjed i tide?

2 kommentarer:

  1. Ha ha ha!! Ikkje verst reflksjoner! Kan no lure på om damene er sprekere enn karane, eller om det er damene som er flinkere til å komme seg ut i sitt trange tidsskjema? Mange damer eg kjenner, finner et lite hull i sitt skjema, putter inn en kjapp tur så ofte dei kan, enn fleire menn som tar en lengre tur men sjeldnere? Min refleksjon idag ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig med refleksjonen din der, moroglillemann! Sjølv merkar eg at eg er mykje flinkare til å utnytte smutthulla til tur etter at eg fekk barn - så det blir faktisk fleire turar no enn før :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!