|
"Gje den guten ein stav!" - og han legg av gårde i skikkeleg Oddvar Brå - stil! |
På forrige søndags
skitur på Mostien, fann vi ut at stavar er noko som tydelegvis set fart på beina til 3-åringen vår - både med og utan ski! På laurdagens turutflukt tok vi derfor med skistavane - sjølv om snøen for lengst har regna vekk.
Det vart stor suksess: Sjeldan har Bendik Matias lagt av gårde i ein slik fart - sjølv Oddvar Brå ville hatt problem med å følgje han her.....! Og ikkje ein einaste gong høyrde vi sutring over at han var sliten!
Turmålet var elvelangs ved elvane Anga og Jølstra i Førde - her har vi gått nokre gonger, og turskildring finn du blant anna i innlegget
"Då bobla sprakk..." frå våren 2013. Farmor og farfar var også med på tur. Lettskya og opplett, med ei sol som nesten trengte seg gjennom skylaget - var det ein tur som vitna om at våren er på veg - trass i noko snøfall siste veka!
|
Vi starta turen ved bygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fin gangveg nedover langs elva. |
|
Ein merkestein for elveforebygging - og til nysgjerrig utforsking for små sjeler! |
|
Hindringar er til for å forserast! Med litt hjelp kjem alle seg over. |
|
Bendik Matias leiar an - i god klassisk stil! |
|
Bendik Matias har funne noko spennande i elva - peikar og fortel.
Førde sentralsjukehus i bakgrunnen. |
|
Lunsjen vart som vanleg inntatt i ei av fiskehyttene. |
|
To gode vener - storesøster og lillebror! |
|
"Kven er det som tramper på mi bru?"
Spanande å gå under nye brua på Vie. |
|
Buss-skuret ved sentralsjukehuset gjev mogelegheit for å ta ferdig innramma bilete!
Vi har ikkje meir moro enn vi lagar sjølv :) |
Staver er kjekt! Snø eller ikkje, men så lenge det gir glede så er det topp!! Skjønne to søsken på kosetur :))
SvarSlett