søndag 5. januar 2014

Den strabasiøse vegen heim!


Kvifor gjere det enkelt når ein kan gjere det vanskeleg?
Kvifor velje den strabasiøse vegen heim i staden for den lette?

Nettopp desse spørsmåla kunne vi stilt oss på dagens fjelltur i Førde som hadde følgjande rute: 

Skyttarkvia - Legjestølen - Flatestølen - opp til eggja mot Førdsnipa - følgje eggja nedover til Hornnesstølen og ned att Eventyrstien - Bergum

Den lettaste vegen frå Skyttarkvia og heim til Bergum, er sjølvsagt å køyre bilvegen om lag 4 km.

I staden valte vi ei meir strabasiøs rute til fots - fordi: 
- vi ville på fjelltur
- vi ville ha ei naturoppleving
- vi ville ha kroppen i skikkeleg fysisk aktivtet
- og ikkje minst: vi hadde muligheten til å gjere det!

Undervegs fekk vi oss fleire flotte opplevingar:
- funn av geocach på Legjestølen 
- kaffi og appelsinsjokolade på Flatestølen
- flott utsikt over Førde og ut Førdefjorden
- å kunne leggje oss "langflat" framover i den sterke vinden på toppen
- ny kaffi og lunsj på Hornnesstølen
- og ikkje minst: ei vårleg og herleg kjensle - trass i at vi berre er i starten av januar!

I denne biletserien kan du bli med på turen frå Flatestølen til Hornnesstølen:

1 kommentar:

  1. Merkelig å gå sånne turer no i januar? Litt kjekt er det og, men begynner å savne litt snøen ;-) dokke bor fint til i Førde ser eg på turane :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!