"Vi treng ikkje alltid gå langt for å ha gode opplevingar!"
- er ein sentral stein i vår friluftsgrunnmur!
Slik blei laurdagen denne oktoberhelga:
Vi var turistar i eigen kommune,
og besøkte den lokale attraksjonen Huldefossen ved Mo Jordbruksskule
- på Mostien der vi har gått mange gonger før.
Vi er på tampen av hausten,
det har kvita på fjelltoppane,
og trea er mest utan lauv.
Så derfor - vi tok ein haustdans med falne blad:
Vi vart fascinert over bruer og rennande elvar,
- slår aldri feil for dei små!
Vi oppdaga ein stor flott gapahuk med grillplass og badestamp,
ypparleg for inntak av kakao og niste:
Så var vi klar for litt action igjen:
"hati hati hati hoo - what does a fox say?"
Bendik Matias har underholdt med denne i barnehagen heile veka,
og han gjorde det også ved Huldefossen!
Sanna Oliva heldt fram med lauvdansen:
Ein kort pustepause for å studere fossen
- med eit fall på heile 90 meter:
- med eit fall på heile 90 meter:
Før vi dansa for fullt igjen :)
For noken utrulig heeeeerlige bilder! Virkelig fornøgde barn på tur :)) Flott foss og flott dans. Og what does the fox say? Den går her med min på snart 2 også, synges for full hals!
SvarSlettJa, dette vart nokon fine blinkskudd - heldig eg som har ein så flink fotograf :) - og ikkje minst han som har flinke modellar...;)
Slett