lørdag 1. juni 2013

Ytre Bremanger (1): Veten (527 moh) frå Grotle

Fjelltur i Syden, spør du? 

Neidå, vi er berre 2 timar frå Førde!


Steffen bloggar:
Nyevegen som opna i midten av mai 2013 mot Ytre Bremanger, gjer at bilturen ut dit vert vesentleg kortare for oss som kjem frå sør i fylket. Borte er ferja  Kjelkenes-Smørhamn. Stadar som Ålfoten, Isane, Davik og Rugsund ut langs langs fjorden, for dei som ikkje ville ta ferja,  blir  nok etter dette erstatta med eit mørkt tunnellhol mot Bortnen - og som gjer at bilturen frå eksempelvis Førde til Ytre Bremanger går på under 2 timar.

Det var både eit ynskje om å prøve det nye vegsambandet, men endå meir fascinasjonen over den vakre naturen her ute, vi hadde i bakhovudet då heile familien laurdag morgon la i veg med bubil mot dette paradisiske naturområdet.  

Framfor oss låg ein langweekend - og med i beremeisa hadde vi kjempemeldingar frå meteorologisk institutt på Blinderen!

Laurdagens turutferdsmål vart dette:


Klar til tur: Bubilen godt parkert ved vegs ende på Ytre Grotle.
Stien opp til fjellplatået Veten startar ved nausta på stranda  (til venstre, midt i biletet)

VETEN (frå Grotle) - 527 m.o.h

Tur opp på kystplatået Veten gjev panoramautsikt til Øyane ut for Florø i sør - Nordsjøen i Vest - og Vestkapp-platået i Nord. Lettgått, oversiktleg og finfint terreng å gå i, om vêret og tåka tillet det då! Frå Veten er det elles mogleg, om ein ynskjer forlengje turen, å gå i dette graskledde terrenget i timesvis.

Stien mot Veten startar frå snuplassen ytterst på Grotle. Ta så til høgre langs nausta mot fjellgrinda nordvest for parkeringsplassen.  Noko bratt stigning på god sti i ur inntil knapt 300 høgdemeter. 

Denne sjøodden går ut mot storhavet i forlenginga av platået der Veten ligg.
Toppen på Veten ligg røfleg inn på platået heilt til høgre i biletet

Stranda og bebyggelsen på Ytre Grotle

Ypparleg turbok/ turkart for Bremanger
Spring og kjøp!!!

Halvveges i stien opp frå Ytre Grotle til første flate partiet på turen. 





Ytre Bremanger er eit eldorado for dei som likar padle. 

I Grolsdalen flatar løypa ut i 700-800 meter før ny brattare stigning på nye 200 høgdemeter. Då er ein oppe på platået og har ca 1,8 km att til Veten. 

Vetenplatået er flatt og steinfritt. Siste 700 meter før Veten møter ein slakk motbakke på 70 høgdemeter. Frå toppen har ein god utsikt utover i havet samt nordover og sørover.

Stølane i Grolsdalen - som er det første flate partiet ein kjem opp på
Svært lettgått terreng etter at ein har kome opp på hovudplatået. Då er det kring 1,8 km att å gå til Veten
 Restar etter millitære installasjonar frå krigen sine dagar.
SØROVER: Øyane heilt bak, er øyane vest av Florø

Framme på Veten!
Bremanger IL har fjelltrimpost på Veten

Utsikt Nordover:  Vindmøllene på Mehuken ved Kråkenes Fyr i Vågsøy.
Bakerst er Stadtplatået med Kjerringa - med velkjend tåkehatt på toppen.



Men så må ein, etterkvart, attende til Bubilen på Grotlesanden. Klokka er 20 -- sjølv om sola skin i timesvis enno her ute på Veten-platået....

Fjorden inn mot Ytre Grotle.
Odden på andre sida av fjorden er ved Nesje
Grotlesanden og Bubilen for mine føter...





...... etter endt tur til Veten er det godt å tenkje at vi enno har to nye langweekend-dagar føre oss med fleire naturopplevingar og fjellturar i verdas vakraste - og mest varierte - land....

Neste blogginnslag ut er frå turen med ungane til fyrlykta på Kjerringhalsen - så følg med...:)



3 kommentarer:

  1. Du har mottatt blog award inne på bloggen min :)

    SvarSlett
  2. En opplevelse i bilder og ord! Gleder meg til fortsettelsen.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Så flott!! fin natur,vær og bilder :)Så heldige vi har vert så fekk ein smak av sommar allerede i mai. Idag ligg skodda tett her ute,kaldt og gofse brrr...må sei det skifter fort.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!