Ikkje vanskeleg å nyte påskevêr og utsikt på toppen av Ørnefjellet (1209) aust for Rimmane, men først var det ei meir enn bratt nok fjellside å forsere for dei to trugegåarane. Både opp og ned! |
Så dermed vart det trugetur til Rimmane og vidare opp til varden på Ørnefjellet (1209 moh). Og det vart ein utruleg flott tur! Rett nok steig vi svært så bratt oppover...
Stien var lang og den var bratt
suddelida suddelidei!
Kvar meter kosta slit
suddelida, suddelidei
Men utsikta var bra
og lykkli' var vi da,
så dit må du gjerne dra!
Suddelida Suddelidei!
Frå nordsida av vegen på Rørvikfjellet følgde vi ei slukt oppover mot Rimmane og Ørnefjellet |
Parti frå ranen vi følgde oppover; området er også nytta av spreke fjellalpinistar som vil ha lange renn |
Få meter att til topppunktet. Snøfast, men lite snø |
Varden på Ørnefjellet (1209 moh) er nådd. Utsikt så det held; her vestover mot Storehesten og Heilevangs-massivet i nabokommunen Gaular |
Utsikt vestover mot Førde; masta på Havstadfjellet kan skimtast like til høgre for midten ibiletet. Holsavatnet i framgrunnen. |
Ei hardhaus av ei furu, stronk i ryggen som få, i fjellsida nedatt mot Rørvikfjellet. Drøsinga (1086 moh) og Setelifjellet (bak) på Holsen i Sør-vest. |
Ein drøsar framfor Drøsinga. Nok ein kjempefin utsiktstur er diverre over... |
Utsyn sørover mot Rundenova, på Sør-sida av Haukedalsvatnet |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!