mandag 25. mars 2013

Håheimsfjellet (1079 moh) - ved Skei i Jølster


Mot Skei og Kjøsnesfjordbrua. Bilete teke frå oppstigninga til Fugledalen .
Biletet teke før sola braut skikkeleg gjennom.

Turpåska 2013 fekk ein pangstart med flott førstegangstur i fjella i Jølster. Denne kommunen har utruleg mykje flott å by på når det gjeld fjell, og det er nesten vanskeleg å velje kva toppar ein skal gå på. Vårt val denne dagen er kanskje ikkje av dei mest kjende – men det står definitivt ikkje tilbake for mange andre flotte Jølstrafjell som hyppig blir omtala: Tindefjellet, Bolsetnipa, Bjørja og Skjorta – for å nemne nokon! 

Håheimsfjellet på 1079 moh vart vårt val denne dagen. Og ja – denne turen anbefalar vi definitivt til andre! 


Ufatteleg lite snø i fjellet til å vere i mars.
Blåfjellet mellom Fygledalen og Husdalen

Slik finn du fram:
Jølster kommune har gitt ut eit flott turhefte der dei omtalar 17 turområde i kommunen. Desse turane er merka, og det står informasjonstavle ved starten av kvart turmål. I heftet ser du flyfoto av turane, og desse fotoa heng også på informasjonstavlene. 

Startpunkt: Ca. 50 m vest for rundkøyringa ved Skei Hotell, tar du av til ein gardsveg. Informasjonstavla om turen heng heilt nede ved riksvegen. Du går gjennom  gardstunet, og følgjer ein sti opp til høgdebassenget ovanfor tunet. Vidare herifrå er det god og merka sti oppover dalføret mot Fugledalen og Fuglestøylen. Turtid ca. 1 time opp til støylen.

For å gå vidare til Håheimsfjellet, går du vidare opp til Skredestøylen, som du ser opp på når du er på Fuglestøylen. Stien vidare er visstnok ikkje så godt merka som opp til Fuglestøylen, men sjølv om vi gjekk i snø, såg vi eit og anna raudmerke på berga oppover. Truleg vil du derfor kunne finne god sti også heilt til toppen. Turtid frå Fuglestøylen, ca. 1,5 timar.

Vi hadde med oss truger, men frå Fugle og opp til Fuglestøylen var det godt nedtrakka sti i snøen, så vi kunne gå til fots opp dit. Ein flott tur i seg sjølv om ein ikkje ynskjer ein topptur. 

Vi lar bileta og bilettekstane snakke for resten av turopplevinga: 




Ankomst Fuglastøylen etter ein liten times gange med truger


Biletet lyg!: Bratt som pokker frå
Fuglastøylen til Skredestøylen oppe til høgre


Her er det berre å ta rennfart....

Siste kneiken opp mot det flate partiet inn til varden på Håheimsfjellet tok vi
av oss trugene og klatra opp berga. Bolsetnipa bak.


Skei sentrum til venstre i biletet. Dvergsdalsdalen over varden. Grovabreen oppe til venstre




Varden på Håheimsfjellet med utsyn til
Jølstravatnet i sør, Stardalen i aust og Breimsvatnet i nord


Fjella mellom Stardalen (t.v) og Kjøsnesfjorden

Fjellet Skjorta i midten mot nord


Skjorta i midten og spissen til høgre er Ryssdalshornet ved Sandane







To trugespor oppover, men berre eitt nedatt?...
Skredestølen  t.v. med dyrisk utsikt til Jølstravatnet


Attende på Fyglastølen

Påskekort-stemning på fredag i Palmehelga. Nedtur til Jølstravatnet og Skei att
Håheimsfjellet betre utsikt enn frå Bolsetnipa?
Kartutsnitt over området:

2 kommentarer:

  1. Blir rett svimmel av all denne vakre fjellutsikten!
    Nydlige bilder i herlige forhold! Vi har jammen hatt ei flott påske så langt og værmeldingene lover ennå godt:)

    Forsatt god turpåske:)

    SvarSlett
  2. Du smeise!! For noken fine bilder og fin beskrivelse :) fekk lyst på en vakker topp eg og no, kunn gått på langrenn. Kjenne at den toppen der skulle eg virkelig ønske var i min nærhet ;))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!