onsdag 24. oktober 2012

Portafjellet (779 moh) og Vardenova (777 moh)

Portafjellet og Portavatnet
No i oktober har vi heldigvis hatt nokre klåre og fine haustdagar. Eg og Steffen har venta på nokre slike dagar slik at vi kunne dra på fjelltur - berre oss to :). September regna stort sett vekk, men denne månaden har vi i alle fall fått eit par dagar med slike turar. Ikkje berre skal det klaffe med sol og fint vær, men det skal også klaffe slik at vi har høve å ta fri frå jobb på relativt kort varsel....ikkje alltid lett når kalendaren er fylt med møter. Men eitt av mine motto er at ein får (nesten) alltid til det ein verkeleg vil!

Ein slik fridag vart nytta til å utforske nye fjellområde i Askvoll kommune: Portafjellet og Vardenova, med start frå Oslandsbotn mellom Flokenes og Stongfjorden. Eg har ikkje vore der før, men Steffen var med turlaget på ein onsdagstur til Portafjellet i slutten av juni, sjå reportasje her.

Slik finn du fram til startpunktet:
Frå Førde køyrer du Fv 609 mot Askvoll, tek av  til venstre frå vegen, på høgda mellom Flokenes og Stongfjorden, til Oslandsbotnen. Her går det ein anleggsveg opp til demninga ved Botnastølsvatnet. Det kan vere greitt å parkere bilen nede og gå opp anleggsvegen, men har du ein robust bil, så kan du køyre lenger oppover.


Oversiktskart over området (terrengkart frå www.ut.no)
Ved Botnastølsvatnet passerte vi ei hytte, gjekk over brua på nordaustre side av vatnet, og følgde ein delvis varda sti oppover skråninga til venstre (austleg retning). Vi kom etterkvart opp i eit flatare terreng der vi gjekk i ein fin dalbotn, gjennom den såkalla Porten og vidare i søraustleg retning opp en graskledd bakke til vi kom på høgda der vi såg Portavatnet. Vi runda Portafjellet og gjekk så bratt opp ein smal grøn skråning. Her er det sett opp nokre merkepinnar som ein kan følgje. Vi runda så, i nordaustleg retning, rundt Portafjellet før vi gjekk bratt vestover opp siste avsatsen til toppen. Frå Portafjellet er det ei overraskande god utsikt i alle retningar - det går nesten ikkje an å liste opp alt ein ser....

Dette er elles eit terreng der ikkje kan forvente ein godt opptrakka og ferdig sti, så det kan vere greitt å gå her med nokon kjende første gongen. Viss ikkje, bør du ha evne til å lese kart og terreng.  Eg har lagt ved ein utskrift av GPS-loggen som viser ruta vi gjekk:
Frå Portafjellet valde vi å gå vidare til Vardenova. (Det står Vardeheia på kartet, men av mange lokale vert det kalla for Vardenova). Det var ingen sti, men frå Portafjellet såg vi kor det kunne gå an å gå opp. På vegen ned att til Botnastølsvatnet, valde vi ei anna, litt brattare rute. Her var det heller ingen tydeleg sti (som vi fann i alle fall), men vi peika oss ut ein aktuell retning med kart og GPS. Litt "bukkemark" å gå i, og det røyner av og til på motivasjonen min...... eg er ikkje spesielt glad i å trakke ned i "uventa" holer og ikkje heilt sjå kor eg set foten! Men ynskjer ein å utforske nye område, så kan ein ikkje nødvendigvis forvente at der er godt trakka stiar....

Frå Portavatnet brukte vi vel berre om lag ein halvtime opp på Vardenova, så det var ikkje den lange "omvegen". Og det var absolutt verdt turen. Her vart utsikta enda flottare: vi fekk meir føling sørover mot Dalsfjorden, såg ned til Rivedal i Holmedal, og kom nærare både Skålefjellet, Moldura og Heileberget.

Her hadde vi også panoramautsikt austover til dei sju fjell som eg har omtala i eit innlegg for nokre dagar sidan: Eitrenipa, Blegja, Nordre og Søndre Kringla, Storehesten, Skålefjellet og Laukelandshesten.


Sjølv om sola skein frå klår himmel, så var det ganske sterk austavind. Derfor vart opphaldet på Portafjellet nokså kort - det var altfor kaldt til å sitje i ro. På Vardenova var det derimot lettare å finne ein lun plass, så der kosa vi oss med resten av nista og kaffien vår før vi returnerte. Og sjølvsagt måtte kikkerten fram!

Samla sett gjekk vi ca. 10 km på turen og brukte 3 effektive gangtimar. Den totale tidsbruken var derimot noko lenger, men det var fordi vi brukte dagen, tok bilete og kosa oss undervegs:)

Her kjem nokre av bileta frå turen - tatt av Steffen:
Nedanfor Portafjellet - vi gjekk opp den graskledde skråninga like bak meg

Vi ser mot øyane utanfor Florø


Vi ser ned mot Stongfjorden - Skålefjellet til venstre

Utsikt utover Dalsfjorden frå Vardenova



Botnastølsvatnet - der anleggsvegen sluttar. Ytrevågfjellet i bakgrunnen.



På veg ned att til Oslandsbotnen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!