mandag 3. september 2012

Vi kom oss ut og Førde Opp!

Laurdag 1. september -12 gjekk startskotet for motbakkeløpet Førde Opp, og Barnas Turlag arrangerte "Kom deg ut og kom deg opp" . Slik kunne vi delta på begge deler,  og vi  Kom oss ut og Førde Opp!

Sjølv om det var lett regn heile formiddagen, så var det eit yrande folkeliv i Sentrum Sør med folk som ville vere med å gå Bystien opp til Hafstadfjellet. Barnas Turlag var på plass i sentrum, og delte ut buff og flotte drikkeflasker til dei som ville vere med på tur.

Kl. 10.30 var det avgang oppover Bystien med Barnas Turlag. 3-åringen vår var spent på alle trappene, og vi gjekk oppover med friskt mot - men, puhhh - det var litt tungt. Midt i trappene sto ein av Firda sine journalistar og knipsa bilete:

(foto: Stig Roger Eide)
Dette biletet og fleire finn du i biletserien til Firda frå arrangementet. Etter å ha gått opp alle 176 trappetrinna og bortover flata mot første stigning, hadde vi allereie gjort oss fortent til ein flott medalje!

Barnas Turlag hadde laga natursti på vegen, så langsetter heile stien fann vi spørsmål som vi kunne svare på. Og så....... midt oppe i ein av dei brattaste bakkane dukka sjølvaste Turboreven opp!


Om ungane var slitne etter bakkane, så var møtet med Turboreven som bensin på bilen for dei små - no sprang dei avgarde vidare oppover! Og før vi visste ordet av det, så var vi oppe på flata der Barnas Turlag hadde sin base denne dagen. Dei hadde sett opp 2 stk bålpanner der vi kunne steike pinnebrød og pølser, og dei hadde panne så ein kunne poppe popcorn. Ellers var det høve til å balansere på slakk line, klatre i tau, kaste kongler på blink m.m.


Sidan Steffen var aktiv bidragsytar i turlaget sitt arrangement, valte vi å stoppe turen vår der. Mange gjorde eit stopp ved turlaget sin base, før dei gjekk vidare. Nokre gjekk til enden av Bystien, fekk medalje, snudde der og gjekk ned att til turlaget sin base. Medan andre tok turen heilt til topps. Nett slik som arrangøren hadde lagt opp til - ein skulle gå så langt som ein orka og hadde lyst til - og vere nøgd med det! Eit viktig mål for Førde Opp var å få ALLE med - "uansett form og farge" - og det lukkast dei absolutt med!
Rundt 1700 påmelde deltakarar er utruleg flott!


Vi venta spent på konkurranseløparane, og stilte oss opp med flagg, og var ivrig heiagjeng då dei sprang forbi. Imponerande å sjå dei springe så "lett" opp over bakkane!





Bendik Matias (22 mnd)  fekk sansen for heia-ropet, så "eia-eia-eia" var å høyre frå han lenge etter at siste løpar var passert:)
"Eia-eia-eia"

Til sist kom også Turboreven ruslande oppover, sliten og trøytt etter å ha helst på alle dei hundrevis av borna som var ute på tur. Då gjorde det godt med ein matbit, og litt kos og klem frå mange småtroll som ivrig ville helse på!




Takk til Førde Opp, Barnas Turlag Førde og alle andre bidragsytarar for eit flott arrangement! Vi ser allereie fram til neste år - og då er vel Bystien også forhåpentlegvis heilt ferdig! :)

Sjå Barnas Turlag sin reportasje frå "Kom deg ut, kom deg opp"-dagen her.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!