lørdag 8. september 2012

Ny Opptur på gong: "Opptur Bergen"

Fire av dei fem Opptur-bøkene som allereie er utgjevne

I dagens utgåve av lokalavisa Firda er det presentasjon av nye bøker som kjem ut på dei lokale forlaga i haust. Og til mi store glede, så ser eg at det er ei ny Opptur-bok på veg - denne gong er det om turar i Bergen. Det er klart at også denne må på eit eller anna vis hamne i bokhylla vår.... så det får vi setje opp på ynskjelista vår til jul :).

"Opptur Bergen" blir den sjette i rekka av denne bokserien frå Selja Forlag. Boka er laga av Knut Langeland og Finn Loftesnes. Gler meg til å bla og lese i den! Og de skal ikkje sjå vekk frå at den boka vil generere nokre ekstra Bergens-turar....

Vi har alle dei fem Oppturbøkene som til no er laga: Sogn og Fjordane, Hordaland, Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Jotunheimen. "Opptur"-bøkene er glimrande - med sine flyfoto og turskildringar, gjev dei eit godt innblikk i turmåla. Og du får tips om turmål som du kanskje ikkje hadde kome på sjølv berre ved å sjå på kartet! I tillegg så er det jo alltid greitt å få ei skildring av korleis turen er, kor krevjande den er og tidsbruken. I all hovudsak så er turane også så godt skildra, at du kan ganske greitt finne fram heilt utan å vere kjend i området. Men litt kunnskap om kart og terreng er alltid nyttig å ha når ein skal ta seg fram på ukjende plassar:) Opptur-bøkene er dessutan bøker du blar i, igjen og igjen, og du oppdagar stadig noko "nytt"!

For øvrig, så har eg sett eit par andre bøker opp på ynskjelista også. Dei handlar rett nok ikkje om fjellturar.... vi har litt andre interesser også, og lesing er ein av mine:).

Så på mi ynskjeliste står også bøkene:

Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv av Ove Eide og Finn Egil Eide (illustratør) - som er 30 eventyr frå Sogn og Fjordane. Og her skal du visstnok ikkje berre finne eventyr for dei små - nokre er også retta mot ei vakse publikum t.d. eventyret om Kjerringa som ikkje ville ha born og Oskeladden som ville liggje med kongsdottera....

Og så kjem Førde-forfattaren Olaug Nilssen ut med ny bok på Samlaget: Kjøkkenbenkrealisme - ærlege historiar om tidsklemma. I denne boka får vi servert ærlege historiar frå foreldre som fortel om familielivet sitt. Både søvnmangel, samanbrot og gleder kjem fram i denne boka - og kven kjenner seg vel ikkje att i det?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!