mandag 16. juli 2012

Eventyret om Reve-enka på Revjehornet (427 moh)

Revjehornet sett frå nordsida av Vanylvsfjorden
Reve-enka
Det var en gang en rev og hans revekone, som levde i et godt ekteskap. Det hender ektepar greier det. Men en dag reven hadde vært og stjålet høner hos bonden, spiste han så mange at han ble syk og døde. Kona hans gråt og sørget, men han ble ikke levende igjen.  

Og det var ein gong - mange år seinare - at ein turglad familie på 4 reiste på helgetur med bubilen: mor, far, storesøster på 3 år og lillebror på 20 mnd. Mor og far levde i eit godt ekteskap. Det hender at ektepar greier det! :) Dei reiste med kurs for Stadlandet, for der hadde berre far vore før.

Etter begravelsen begynte det å komme friere til enka. En lørdagskveld banket det tre ganger på døren til revehuset. Reve-enka hadde en hunnkatt til tjenestejente, og ba henne gå og se hvem det var som banket på. Utenfor sto en bjørn, som sa enka skulle få et godt råd hvis hun ble med ut og gå. Men da enka hørte det var en ven, vakker og brun en som sto utenfor, takket hun nei. 

På fredagskvelden banka turfamilien tre gongar på døra til radioamatøren Otto, LA5VM. Han hadde ein hokatt til tenestejente, og denne hadde fått tre kattungar. Dei kom ut av garasjen for å sjå kven som banka på, til stor glede for storesøster og lillebror. Då Otto og kona, Gunhild, høyrde at det var ein ven, vakker og sommarbrun familie som sto utanfor, så vart dei invitert inn på kaffi. Dei fekk endatil lov å overnatte med bubilen på tunet utanfor huset. Frå dette huset kunne dei sjå rett over til Stadtlandet. Og når dei køyrde ein kilometer lenger ut i fjorden, kunne dei sjå over på ein flott fjelltopp som heiter "Revjehornet". "Dette fjellet har eg lyst opp på" sa mammaen i turfamilien. Turfamilien fann fram turkart over Selje (som vi sjølvsagt hadde med på turen...) og "Opptur Sogn og Fjordane" (tur nr. 26-08), og konkluderte med at dette kunne vere eit spennande turmål.

Revjehornet ligg på nordsida av Stadtlandet, ved Borgundvågen, 4 kilometer nordvest for Leikanger. Karta under viser turen og kor du finn Revjehornet:



Neste lørdagskveld banket en ulv på døren. Tjenestejenta gikk ut og åpnet. Han ville også ha med reve-enka ut og gå, og gi henne et godt råd. Men da hun hørte det sto en ven, vakker og grå utenfor, takket hun nei. Tredje lørdagskvelden gikk det på samme måten. Utenfor sto en hare og ville ha med seg reve-enka ut på tur. Da tjenestejenta fortalte at det var en ven, vakker og hvit ute på trammen, takket reve-enka nei nok en gang.

Laurdag morgon, etter frukost, sa turfamilien farvel til Otto og Gunnhild, for å ta fatt på turen mot Revjehornet. Med på turen fekk storesøster og lillebror med seg kvar sin melkesjokolade med eventyr inni. Turfamilien køyrde av garde og fann fram til startpunktet i Borgundvågen. Dei parkerte ved ei grushole ved høgste punktet på vegen mot Tungevåg og Eltvik. Derifrå var det flott utsikt over Tungevågen:

Det skulle vere merka sti, men den var ikkje heilt enkel å finne i starten. Einskilde stadar såg turfamilien raude rundingar på steinane, men dei var i ferd med å forsvinne. Men det er ope terreng, og du ser retninga mot toppen heile vegen, så det er greitt å finne ein veg å gå, sjølv utan sti. Terrenget er litt kupert og humpete, med litt myr. Etterkvart vert det litt brattare oppstigning, men då er det også lettare å finne vardane og stien. Opptur-boka lova at turen tar ca. 1 time opp og at det er ein lett tur. Turkartet for Selje sa at turen tar ca. 1,5 time og at det er ein fysisk krevjande tur. Turfamilien konkluderte med at 1,5 time er eit riktig utgangspunkt, og at turen ikkje er veldig fysisk krevjande, men kanskje noko tyngre enn ein lett tur.  Storesøster på 3 år synast det vart litt tungt å gå med høgt gras og bratte bakkar, så det vart i alle fall ein fysisk krevjande tur for mor og far som måtte bære både storesøster og lillebror det meste av vegen opp!
På vegen opp såg dei attende til Leikanger lenger inne i fjorden:

"Langt om lenge og lenger enn langt" kom turfamilien endeleg til toppen. På toppen var det ein varde. Storesøster byrja å leite etter bok i varden. Ho har vore på mange fjelltoppar før og veit at det ofte ligg ei bok gøymt i vardane på toppen. Og jammen tok det ikkje lang tid før dei gjorde eit funn - ein liten treboks låg gøymt under nokre steinar:

Mor og storesøster sette seg ned for å skrive i boka:

Det var flott utsikt på toppen. "Sunnmøre neste" står det om toppen i Opptur-boka, og det er flott utsikt nordover mot Sunnmøre og Runde. Vestkapp synte seg frå si beste side, og låg utan skodde. Frå toppen ser ein også ned på Storeneset, litt utanfor Tungevågen. Der ligg det restar etter kanonstillingar frå krigen. Fjelltoppen er eigentleg toppen av ei havklippe, og går ein ut på kanten er det stupbratt ned i havet:


Turfamilien kostar seg med niste og drikke ved varden på toppen:

Etter at nista var eten opp, fekk dei to små borna lov å opne sjokoladen sin. I tillegg til å ete sjokolade, var det spennande å sjå kva eventyr som låg inni der. I lillebror sin sjokolade, fann vi eventyret om "Reve-enka", og kva kunne vel passa betre sidan vi var på toppen av REVjehornet?

Og slik har det seg at eventyret om Reve-enka blei fortalt på toppen av Revjehornet denne dagen:

På den fjerde lørdagskvelden banket det også tre ganger på døren. Tjenestejenta gikk ut, og der sto ein rev! Han sa til tjenestejenta at hun måtte be enka komme og bli med han ut og gå, så slkule hun få et godt råd. Da reve-enka hørte det sto en ven, vakker og rød, akkurat lik han som var død, utenfor - da sa hun: "Kjære, be ham inn og sjå, han har gode råd!" Så ble det bryllup hos reve-enka med det samme, og hvis reven ikke har vært i hønsegården og forspist seg er de nok godt gift ennå!

Og kven veit - kanskje ga reven råd om at det var fint å ta turen opp på Revjehornet? Vel attende til bubilen, var i alle fall turfamilien einige om at alle hadde hatt ein fin tur, og at vi vil gje andre tips om å ta denne turen om dei skal til Stadtlandet ein gong!

Det høyrer også med til historia at storesøster fekk eventyret "Prinsessa som ingen kunne målbinde", og kva kunne vel passe betre til henne enn det.... :)! Og vi takkar Otto og Gunnhild for sjokoladen, og for godt vertskap på kort varsel!



Flott utsikt nordover mot Sunnmøre
 


5 kommentarer:

  1. Artig historie! Spent på kva eventyr som er i neste tur-sjokolade...
    -S.

    SvarSlett
  2. Sitt og smiler og humrer for meg sjøl mens eg les! :-D skrive, det kan du. Artige turer dokke må ha! Sikker på at du har pugga alle barneeventyr som fins ;)

    SvarSlett
  3. Heisann! Flott innlegg :) Legg og til at det finst ein noko kortare tur opp Revjehornet, denne går frå den nest siste snuplassen ytterst på Borgund i Borgundvågen, ca 300 m frå vegens ende. I staden for å ta av i krysset innst i Borgundvågen for å køyre opp på Tungevågskaret, so berre fortsett du rett fram til du kjem til denne snuplassen, rett før nedstigninga til den siste snuplassen. Derifrå er det skilta og merka rute opp til toppen, ein startar då turen over eit bratt beite til ein kjem til eit led ved toppen av dette, derifrå skal det være greit merka. Denne turen er nok brattare, men betydelig kortare. Revjehornet har navnet sitt frå revjene i fjellet, noko som er lett synlig spesielt frå sjøsida. Helsing Stadtværing :)

    SvarSlett
  4. Hei. Kjempefint tur og fantastisk utsikt fra toppen da. Skal prøve å finne det i år.Hilsen.Gregor

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ein fin tur! Byrjar å bli nokre år sidan vi var der, så kanskje på tide med eit gjenbesøk for oss også :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!