søndag 25. mars 2012

Ta i bruk Russenes friluftsområde!

Informasjonstavle ved startpunktet

24.03.12: Når sola viser seg frå skyfri himmel her på Vestlandet, så har vi eigentleg ikkje så mykje anna val enn å kome oss ut på tur! Slike dagar må nyttast, og medan mange tar siste innspurt i skisesongen, så oppsøkjer vi "fotvandrarar" aller helst våren. Då må vi fort ut til kysten, og denne gongen valte vi også å halde oss heilt nede ved fjorden - nemleg på friluftsområdet på Russenes, ved Ålesundet ute i Førdefjorden.

I 1985 kjøpte Staten 95 da av området på Russenes og gjorde det om til friluftsområde. Området går frå Engelneset til Bukkeneset, og omfattar svaberg, lune vikar og furuskog. Her er det godt eigna for fisking, grilling og teltovernatting. Dessverre er dette området alt for lite brukt - vi møter i alle fall svært sjeldan andre folk når vi er på tur her! Og utan redsle for å tru at det blir den store folkevandringa uansett, så vil eg absolutt tilrå blogglesarar å ta turen hit!

Det er merka stiar for fotturar, og langs stiane finn du fleire tematavler om kulturhistorie, vegetasjon og dyreliv. Det er lagt til rette med rasteplassar og grillplassar. Ved parkeringsplassen er det også laga til ein utedo.  
"Astri" ligg ved land og ventar på neste ferd på fjorden :)
Slik kjem du til Russenes:
Frå Naustdal sentrum køyrer du vestover langs Førdefjorden i retning Stavang. Når du kjem til Helle, ser du to skilt: eitt merka Helle 2 km og eitt merka Friluftsområde 8 km. Her svingar du til venstre og køyrer vidare om lag så langt vegen går. Det er laga til god parkeringsplass og informasjonstavle på venstre side av vegen. Frå Russeneset ser du rett over fjorden til Kvammen og rett på Heilebergmassivet. Du ser også over mot Vevring. 
Utsikt mot Blegja


Kart over området med merka stiar (utsnitt frå informasjonstavla)
Vi rasta ved Engelneset - her ligg det restar av ein gamal husmannsplass oppkalla etter husmannen Engel. Vi storkosa oss i sola, hadde med pølser på termos og kaffi til oss "voksene" som Sanna Oliva kallar oss. Eit fin plass for teltovernatting, grilling og flotte berg å fiske frå. Vi observerte fleire båtar på veg inn og ut Førdefjorden, så båtlivet er også i full gong for mange. På veg attende til parkeringsplassen, gjekk vi stien om Bjørnstineset og Straumsneset.


Mykje spanande å utforske for små føter!


To små kosar seg på tur i sola!
Posted by Picasa

1 kommentar:

  1. eisann!
    No reiser vi å testar dette turmålet!

    Flott blogg for turglade småbarnsfamiliar....

    Mvh
    Dagfrid, Odd-Ingar og Nikolai

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!