tirsdag 27. mars 2012

Idyllisk langs gamlevegen Sande - Hauken




Kartutsnitt frå ut.no - ruta er markert med raud linje

25.03.12: Sanna Oliva er snart 3 år og tyngda av henne merkast godt når vi har ho i bæremeisa. Så no er det på tide at ho i stadig større grad går på eigne bein når vi er på tur. Derfor må vi også finne turmål som er eigna for små føter. Denne søndagen vart det ikkje noko fjelltur, men vi valte i staden å gå gamlevegen mellom Sande (i Gaular) og Hauken, og så vidare langs bilvegen heim til mine foreldre på Eikeland. Eg har gått her før, men turen var ny for dei andre i familien.

 
Vi køyrde til Sande sentrum, tok til venstre rett etter Spar-butikken, forbi Sande skule og Sande barnehage, og parkerte ved enden av byggjefeltet på sørsida av Gaula. Vi starta då på Johannesbakke, som det heiter på kartet, og gjekk på fin skogsveg til Selstad bru. Denne delen av turen er også ein del av ein Folkesti som Nasjonalforeninga for folkehelse står bak. Her er det også mogeleg å trille med barnevogn.



I staden for å halde fram på folkestien ved Selstad bru, tok vi til høgre og fortsatte forbi gardane på Selstad. Etter Selstad forlet du elva, og tar inn på skogsveg til Hauken. Skogsvegen er fin å gå, men i litt for dårleg stand til at det eignar seg med barnevogn. For dei som likar å sykle, så er det relativt uproblematisk. Litt usikker på distansen frå Sande til Hauken, men vil tippe at det er om lag 3 km. Sanna Oliva var truttig og gjekk heile vegen.



 


Sanna Oliva fann seg ein trestubbe - og vi kosar oss alle saman!
Rett før gardane på Hauken, tok vi ein pause og åt litt mat – matpausane er eit viktig og naudsynt høgdepunkt på turane for Sanna Oliva J! Ho lærte seg eit nytt ord denne dagen – "trestubbe" – og fann ein fin ein å sitje på medan vi åt.

Ved Hauken kom vi inn på bilveg, og gjekk vidare ca. 2 km til Eikeland. Ei populær rute er også å gå bilvegen ned att til Sande, men vi var så heldige at vi hadde ferdig middag som venta på Eikeland. Turen er fin å gå med små barn, og eit godt alternativ om ein ynskjer å kome seg ut i litt skogsluft utan å måtte gå dei store motbakkane.
Eksotiske dyr på Selstad

Dagen starta med litt skyer og skodde langt ned i fjella, men etter kvart vart det finare og finare vær, og det vart ein nydeleg ettermiddag med strålande sol. Så medan ungane sov og leika på tunet, gjekk eg og Steffen oss også ein rask tur på skogsvegen i Bjørkeholten.
Utsikt frå Bjørkeholten - Eikeland og Nesavatnet

1 kommentar:

  1. Kjekk tur for små føtter! De klarer mer enn vi tror, men så er det å finne rette balansen mellom utfordring og mestring sånn at de gleder seg til tur! ;)

    Herlig med go'vær og det var ei fantastisk helg sånn sett. Bare å komme seg utendørs og nyte!

    Fin onsdag til deg!! ;)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!