mandag 17. august 2009

Mine 5 kvardagsfavoritt - fjell

Eg er av dei som likar å oppsøkje stadig nye fjell- og turområde, og mitt favorittfjell er til ei kvar tid nokon av dei fjelltoppane eg enno ikkje har vore på. Likevel er det nokre fjellturar som eg gjerne går på mange gonger, og som nesten er eit "must" å vere på minst èin gong kvart år. Desse toppane kallar eg "kvardagsfavoritt-fjell".

Min definisjon av eit "kvardagsfavoritt-fjell" er ein fjelltopp du kan rekke å gå på etter at du er ferdig på jobb. Kva som då er eit "kvardagsfavoritt-fjell" vil både avhenge av kor ein bur, kva oppleving/tilknyting ein har til fjellet og ikkje minst kva fjelltoppar ein har vore på.
For å kome inn i kategorien "kvardagsfavoritt-fjell", så må turane såleis oppfylle følgjande vilkår (mellom anna):
  • dei må liggje i noko lunde nær avstand frå heimen
  • gangtid opp til toppen bør vere +/- 1 time
  • fjelltoppen må by på storslagen utsikt (ikkje nødvendigvis berre frå toppen, men også undervegs)
Om eg skal liste om 5 fjell som per i dag er mine favorittar, vert det følgjande:
  1. Steinkorsen (762 moh), Naustdal kommune
  2. Hatlesetnipa (583 moh), Flora kommune
  3. Smådalsnipa (930 moh), Naustdal kommune (sjå vinterbilete frå Steinkorsen her)
  4. Årnesholten (765 moh), Gaular kommune (sjå også dette innlegget)
  5. Eikåsnipa (826 moh), Førde kommune
...og eg kunne ramsa opp fleire, men dette er nokre utvalde favorittar. Dei ulike turmåla skal eg skildre i komande innlegg, og det er absolutt fjellturar du bør ta om du ikkje har vore der.
Legg gjerne igjen ein kommentar som kva som er ditt favorittfjell :)

2 kommentarer:

  1. Flott blogg du har! Skal til Førde på handballturnering og lurte på å ta en tur i ukjent terreng. Fant deg da jeg søkte opp Hafstadfjellet ;) La deg til i blogglisten min, for her var det mye nyttig :D Kjempeflott blogg og info!!

    SvarSlett
  2. Takk for det, Eli Kristin! Skal prøve å bli flinkare til å oppdatere bloggen - men det går litt i rykk og napp med ei 5 mnd gamal jente i hus :). Var inne og kikka på bloggen din også, og ser at du har vore på mange spennande turar du også.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!